Er ein ikkje herifrå er det ikkje så lett å skjøne kulturen. Eg er herifrå, frå Vik. Ei lita grend i kommunen Øygarden utanfor Bergen. Heilt ute i havet. Her herjar vinden og sjølukta heng over den vesle grenda.
Sentralisering har ført til store endringar i kulturen på Vik. Men sjølv om det stadig kjem nye, ukjende naboar, er det framleis mange som held på tradisjonane og kulturen.
Heilt sidan eg flytta frå Vik for sju år sidan har eg kjent på ei sterk tilknyting til heimstaden min. På same tid har eg følt på ein stor fridom etter eg flytta. Å kome frå bygda, kjennast bade trygt og utrygt. Alle kjenner alle, og veit alt om deg heile tida.
«Vik» er eit fotografisk dokumentarprosjekt der eg vil utforske korleis det er å vekse opp og leve i eit lite kystsamfunn på vestlandet. Eg vil skildre kjensla av heimstaden min og mitt eige forhold til den gjennom å fotografere folka som bur der, naturen og omgjevnadane, og forholdet mellom desse. På denne måten ynskjer å utforske både historia og tradisjonane til heimstaden min, men også det nye. Eg vil også utforske korleis sentraliseringa i Noreg påverkar kulturen eg kjem frå.
Om Matilde:
Matilde Solsvik er 23 år og kommer fra Øygarden. Hun er frilansfotograf og jobber blant annet for NRK Vestland. Er utdannet ved Bilder Nordic School of Photography. I 2022 ble hun tildelt førsteplass i kategorien Åpen klasse under Årets Bilde og i samme konkurranse ble hun tildelt utmerkelsen Årets Nykommer.
Nettside: https://matildesolsvik.com/